USAs nye tryggingsstrategi

av Arve Thorvik, pensjonert diplomat, statsviter

Kvar amerikansk president legg fram ein nasjonal tryggingspolitisk strategi i starten av sin periode. Dokumentet er ikkje bindande, men legg klare føringar for utanrikspolitikken. Dette er ei kortfatta gjennomgang av det dokumentet Donald Trump la fram i november, fokusert på den globale delen og den europeiske.

  • Ein ny ideologi

Da president Obama la fram sin strategi i 2015, var det to nøkkelformuleringar: 

  • USA ønskte å vera ei leiande global makt innanfor ein regelbasert internasjonal orden (dvs. eit multilateralt system). 
  • Klimaendringane vart omtalte som eit «akutt og veksande trugsmål til (amerikansk) nasjonal tryggleik.»

Spranget frå Obama til  Donald Trump kunne knapt vera større, og ifølje Trump-administrasjonen er utanrikspolitikkens einaste føremål å verna om grunnleggjande amerikanske nasjonale interesser (America First)

  • Verda består av nasjonalstatar, og internasjonale organisasjonar er delvis anti-amerikanske eller eksisterer for å ta knekken på nasjonalstaten.
  • Trump avviser at klimaendringane er ein trussel.

Berre ein månad etter at dokumentet vart lagt fram, kan vi slå fast kor konsistent politikken er.    Åtaket på Venezuela, stillstanden rundt Ukraina og trugsmåla mot Grønland/ Danmark, kan vi nesten lesa ut av dokumentet. Difor er det grunnleggjande viktig for å forstå kva ein kan venta seg frå den administrasjonen som – i alle fall inntil mellomvalget i november – har fritt spelerom i Washington. 

  • Tilbake til bilateralismen

Denne strategien varslar at USA ønskjer ein slutt på den globale verdsorden som er bygd opp stein på stein sidan den andre verdskrigen.

For det første er dette ei avvising av internasjonale organisasjonar (USA melde seg nå i januar ut av 66 internasjonale organisasjonar og fora) og av folkeretten. Det er samstundes ein hyllest til militær, økonomisk og kulturell makt som knapt noko regime etter fascismen har sett på trykk. Det vert sagt at nasjonal styrke og makt basert på storleik er eit tidslaust faktum i internasjonal politikk.I eit stort intervju med New York Times nyleg seier Trump at han ikkje treng folkeretten. «Mi makt er berre avgrensa av min eigen moral,» seier han.

For det andre vert frihandelen, som har vore grunnlaget for økonomisk vekst sidan 1950-tallet, og som i svært stor grad har vore drive fram av USA, nå dømd nord og ned. Grunnlaget skal vera  bilateralisme, der statane skal forhandla på basis av styrke, og der USA ikkje skal ha handelsunderskott med noko land  (teoretisk umogleg å få til, forresten).      

For det tredje skal USA skal leggja avgjerande vekt på tilgang på energi og kritiske råvarer i sin utanrikspolitikk. Tilgang på energi (olje, gass, kol og kjernekraft) og råvarer er ein bærebjelke i politikken. Alle former for fornybar energi vert avviste.

For det fjerde – det er eit underliggjande punkt som er mindre tydeleg uttalt, men truleg det aller viktigaste: Delinga av verda i interesse-sfærar mellom USA, Russland og Kina. Det vert sagt mykje om samarbeid med andre viktige regime utan omsyn til deira styresett, og om at USA må vera klar til å intervenera (militært) når det trengst. Serleg vert dette uttalt omkring «the Western hemisphere» (det amerikanske kontinent), som nå har topp prioritet i utanrikspolitikken.

  • Tilbake til Monroe

 I 1823 formulerte president Monroe ei utanrikspolitisk doktrine som sa  at USA såg det som si oppgåve å verna latinamerikanske land mot europeisk imperialisme. Denne har Trump utan blygsel gjort til si. Føremålet er å sikra USAs dominans på heile kontinentet, hindra at andre land utanfor verdsdelen slepp til, (serleg Kina) og dessutan «å etablera eller utvida tilgang til strategisk viktige område.»  Både Venezuelas olje og Grønlands mineralressursar høver inn i dette biletet. (Korkje Canada eller Grønland er omtalte med namn i dokumentet.)

  • Europa – eit kontinent i forfall

I følje Trump er Europa i sterkt forfall av mange grunnar:

  • Sivilisasjonen vert viska ut av liberal politikk og innvandring 
  • EU undergrev politisk fridom og sjølvstende
  • Europa er i økonomisk forfall, og dessutan trugar dei mange amerikanske interesser

For å stogga dette påståtte «forfallet» skal USA fremja krefter som står for «europeisk sivilisasjons sjølvtillit». Dette skal gjerast gjennom å fremja nasjonalstatane(og altså riva grunnen under EU). Men mest urovekkjande er målet om å støtta nasjonale (eigentleg «nasjonalistiske» i norsk oversetjing) og patriotiske politiske parti (les høgre-ekstreme). Og Trump uttrykkjer stor optimisme over deira framgang. Rett nok står det i dokumentet at USA har ikkje råd til å avskriva Europa, men det er ingen stad lagt vekt på Europa som den næraste allierte.

Krigen i Ukraina vert omtala i heilt nøytrale ordelag, ikkje eit ord som kritikk mot Russlands angrepskrig. Det er viktig for USA at krigen vert avslutta – for å stabilisera økonomi, hindra eskalering og for å «re-etablera ein strategisk stabilitet med Russland.»

  • Oppsummering

Vi let oss lett opprøra over den ville retorikken i Trumps talar, pressekonferansar og skriveri i sosiale media. Men her har vi eit gjennomarbeidd ideologisk dokument som stadfester den politikken som ligg bak ei narsissistisk  framtoning. Det er all grunn til å ta dette på alvor. For Noreg betyr dette at det hastar meir enn nokosinne å drøfta og finna ei ny retning i vårt tilhøve til Europa.