Kan vi stola på amerikanerane?

av Arve Thorvik, pensjonist og statsviter

Eg meiner at det kan vi ikkje lenger . Det dreiar seg ikkje berre om at Donald Trump er  ustabil, sjølvopptatt, og har autoritære trekk. Bak det heile ligg det ein historie og ei ideologisk kraft vi må forstå. Den europeisk orienterte eliten  i Washington er borte. Vi europearar må vera ærlege nok til å sjå at for USA er framtida retta mot Asia. 

Men  nå er noko i ferd med å skje i Europa: EU-kommisjonen har nyleg lagt fram ein forsvarspolitisk strategi for EU-landa – ein femårs-plan for forsvaret av Europa. Kommisjonen føreslår oppbygging av eit europeisk droneforsvar, eit sams etterretningsystem, eit eige luftskjold og ein indre marknad for forsvarsmateriell.

Grunngjevinga for dette er trugsmålet frå Russland, Kinas nye rolle, krigen i Ukraina og teknologisk utvikling. Men det er også eksplisitt grunngjeve med at USA vender seg bort frå Europa. 

EU gjer heilt rett i å freista fylla det tomrommet i europeisk forsvar som Trumps nye NATO-politikk fører med seg. Dette gir Noreg heilt nye utfordringar. Men kvifor vender USA seg bort frå Europa? Grunnane er mange, samansett og historiske. 

USAs ideologiske historie

Ved slutten av den andre verdskrigen ramla den anti-nazistiske alliansen saman. Stalin hadde ekspansive planar for sin kommunisme. NATO vart etablert, den kalde krigen var eit faktum, og USA vart sterkt anti-kommunistisk.

Frå 1950 til -54 var USA prega av McCarthys perverse jakt på kommunistar. Hetsen ramma filmindustrien, universiteta, akademia, og deler av den føderale administrasjonen.  

Men samstundes var etterkrigstida I USA prega av stor økonomisk vekst, country og jazz. Det er dette Trump fantaserer om å gjenskapa gjennom sin toll-politikk. Han trur at alle jobbane skal koma heimatt, men dei er erstatta av maskiner, avanserte samleband, og robotar.

Etter McCarthy-perioden gjekk USA i liberaliserande retning. John F. Kennedy var sett på som ein helt, og Lyndon B. Johnson dreiv gjennom lovgjeving som gjorde slutt på den verste rasismen. Men samstundes trudde både demokratar og republikanarar på «domino-teorien»: Kommunismen – først i Korea og så i Vietnam – måtte stoggast, elles ville  Asia falla.

Korea-krigen slutta utan  fredsløysing, og Vietnam-krigen slutta med eit nederlag. Sekstiåttar-bølja i USA og Europa fora kvarandre – men i USA meir i  livsstil enn i politikk. 

Etter Kennedy og Lyndon B. Johnson kom Richard Nixon. Frå Nixon til Reagan går det ei høgrebølje i politikken, kalla neo-liberalisme, og hadde mykje til felles med høgrebølja i Europa. Frihandel og demokrati sto høgt i kurs – innanfor ein fri marknadsøkonomi.

Samstundes vaks det fram ei anna ideologisk bølje på høgresida: Dei neo-konservative (Neo-con’s). Dei fekk fotfeste i Reagan- administrasjonen og hjå George Bush senior. Dei reagerte på sekstiåttarane, på pasifisme, anti-atomvåpenrørsla,og liberale haldingar i film, kultur og akademia. 

Ronald Reagan førte ein neo-liberal politikk med skattelette til dei rike, og påførte USA ei enorm statsgjeld. Reaganomics minte om Margaret Thatcher: Slepp alt laus, og lat marknaden bestemma. Han lukkast med å få fart i privat sektor, men for å få kontroll med inflasjonen og samstundes kraftig auka forsvarsbudsjettet, var vegen å låna pengar. Statsgjelda auka dramatisk, og Japan, som alt hadde eit enormt handelsoverskott med USA, finansierte gjelda. 

Trumps politikk er retta mot å strupa Kinas konkurranse-evne, og å redusera importen. Til skilnad frå Reagan knuser han det globale frihandels-systemet, og brukar subsidiar og høge tollmurar som verkemiddel. Resultatet blir inflasjon og auka statsgjeld – nok ein gong.

Under Reagan skulle staten vera liten. Trump, derimot, kombinerer ein anti-liberal og svært  verdikonservativ politikk (abort / kjønn / innvandring), med å bruka offentlege verkemidlar «to make America great again».

The Neo-con’s likte ikkje multilaterale organisasjonar, og meinte USA måtte intervenera militært der internasjonale fora ikkje gav dei det dei ville ha. Dei var arkitektane bak invasjonen av Irak i 2003. Dei ville ha slutt på forhandlingar mellom Israel og Palestina, dei ville invadera Syria, og innføra streng kontroll på USAs grenser. Det er denne ideologien som styrer folka rundt Trump. 

Trump går til åtak på musikk, kunst, teater, film, TV og Internet. Han kuttar støtta til Harvard, og går inn som styreleiar i The Kennedy Center, USA viktigaste kulturscene. Dei seier at våre samfunn er i ferd med å verta «moralsk korrupte» – og her finn du bandet til dei evangeliske konservative kristne miljøa. Ein kvit, konservativ religion har ein sterk plass i denne ideologien.

Talen til visepresident Vance i München i vinter var eit godt døme på dette.  Europa fekk høyra at når det gjeld innvandring, handtering av ytre høgre, og kulturpolitikk øydelegg vi våre samfunn.

Multikulturelle samfunn er ein uting. Faren for at spansk språk og latin-amerikansk kultur skal få for stor plass i USA, står bak den brutale utkastings-politikken.

Samstundes med dette tek noko heilt nytt over i utanrikspolitikken:  «Deal-making» : Å gjera ein god handel. Trump ber generalane ikkje bry seg om krigens folkerett, han bryt ned FN-systemet, og han er «god venn» med leiarane i Russland, Kina og Nord-Korea.

USAs utanrikspolitiske historie 

I amerikansk historie er det  to heilt motsette trekk: Kampen for eit regionalt og globalt hegemoni og nasjonalisme og isolasjonisme.

I 1823 formulerte president Monroe ei doktrine som sa  at USA såg det som si oppgåve å verna latinamerikanske land mot europeisk imperialisme. I 1904 gav president Theodore Roosevelt doktrinen ei ny tolking: USA hadde eit moralsk ansvar for å fungera som internasjonal politimakt i Latin-Amerika.  

Frå 1950-talet har USA intervenert direkte i kupp i nær ti land. I desse dagar brukar Trump marinen til å senka venezuelanske skip som vert sagt å frakta narkotika, og han seier at Maduros dagar er talte. Innebygd i Trumps politikk mot Latin-Amerika, Ukraina og Midt-Austen ligg ei tru på ei verdsordning basert på regional makt, fordelt mellom Russland, Kina og USA, men med USA først.

For USA og Trump er Kina det største trugsmålet fordi Kina er ein økonomisk og teknologisk  gigant, og fordi dei sit på veldig mykje av den enorme amerikanske statsgjelda. Men Trump ser ikkje Putin eller Xi som ‘fiendar’.  Dei er motstandarar å forhandla med.

Ytringsfridommen er under åtak frå presidenten. Historia skal vaskast kvit igjen.  Museum og kunst skal reinsast for alt «u-amerikansk» , slik Hitler fjerna «Entartete Kunst». Hemnen står i sentrum. Lojalitet er viktigare enn kunnskap og fakta. Så lamma og teiande som Kongressen hittil er, er USA nå styrt av eit servilt hoff og familie rundt keisar Donald. Han sit og signerer dekret med brei penn. 

Om Europa og USA

NATOs føremål er å garantera medlemslanda fridom og tryggleik og forsvara «demokratiske verdiar og rettsstatsprinsipp».

Etter andre verdskrigen var Marshall-hjelpa viktig. Så kom europearane saman og bygde EEC for å tryggja freden på vårt kontinent. Men Trump seier at EU vart danna for å skada USA.

I åtti år har vi kunna tru på USAs presidentar når dei har snakka om forsvaret av Europa. 

I 2025 har president Trump og Vance skjelt ut EU og presidenten i Ukraina, støtta det fascistiske partiet AfD i Tyskland, og sagt at USA berre vil forsvara dei NATO-land som brukar ein høgare del av sin BNP på forsvaret. 

På grunn av atom-garantien  er det vanskeleg for Europa å seia rett ut kva dei meiner om Trump. Dei verdiane som NATO skal verna om, smuldrar bort hos vår største og viktigaste allierte. Vi har ennå til gode å sjå ein europeisk knyttneve mot toll og økonomisk isolasjonisme, mot nedbryting av FN-systemet, og mot folkemordet i Gaza. Vona er at  Ukraina-koalisjonen – «the coalition of the willing» – snart vågar be Trump slutta lefla med Russland.

EU-kommisjonen har altså svart på alt dette med å leggja fram ein forsvarspolitisk strategi for EU-landa – ein femårs-plan for forsvaret av Europa, som er omtalt ovanfor.

Det vert lagt opp eit utruleg tempo i denne strategien: Dette skal vera på plass i 2030. EU vil fylla det tomrommet i europeisk forsvar som Trumps nye NATO-politikk fører med seg. Dette gir Noreg heilt nye utfordringar. 

Konsekvensane for norsk politikk

Alle regjeringar i mi levetid har sagt at  “USA er vår nærmeste allierte, og en garantist for vår sikkerhet.” 

I dag er det grunn til å stilla spørsmål ved om dette er ei klok formulering. Seriøse kommentatorar seier no at Europa har to fiendar, ein i aust og ein i vest. Derfor må vi justera vår tradisjonelle oppfatning av vårt tilhøve til eit USA som motarbeidar europeisk interesser, leflar med vår hovudfiende, og bryt ned internasjonalt samarbeid som skal verna små land. 

EU er no den einaste stormakta i verda som forsvarar den samfunnsordninga vi har bygd opp.  Difor bør vi drøfta oss fram til ei ny utanrikspolitisk kjerneformulering som dreiar oss meir i europeisk retning. Det må vera regjeringa sitt ansvar å skapa ein brei base for ein revidert tryggingspolitikk, der ein dreiar bort frå bilaterale avtalar med USA, og ein overdriven tillit til den amerikanske tryggingsgarantien. 

Det europeiske alternativ er ikkje enkelt med store politiske parti på ytste høgre fløy. Nokre stader har dei fått makt. I land som Sverige er dei støttespelar for regjeringa. Valresultatet i Nederland er eit lyspunkt.

Noko av det som sameinar partia på ytste høgre fløy er ein sterk motstand mot EU og alt som skjer i Brussels.  Senterpartiets og FrPs demagogi mot EU minner skremmande om dei nasjonalistiske partia i Europa. Så er det eit tankekors at  venstresida i norsk politikk i motsetnad til meiningsfrendar i andre europeiske land, ser på EU og Brussel på same vis som ytre høgre gjer det.

Nå må det kjempast for liberale verdiar som demokrati, menneskeverd og solidaritet.  Vi kan ikkje lata ein demokratisk vald despot byggja ei ny verd bygd på løgner.  Kanskje må vi lena oss på den amerikanske atom-avskrekkinga mot Russland. Men når det gjeld alle andre sider av tryggingspolitikken, så må Europa stola på seg sjølve.

Å stå åleine i Europa i åra som kjem vil vera hasard-politikk, anten det gjeld forsvar av demokrati, forsvar mot åtak frå fiendtlege makter, eller økonomisk handelskrig. Til neste år vert det folkerøysting om EU-medlemskap på Island. Då vert vi kanskje åleine att i EØS med vesle Liechtenstein.

Meir enn nokosinne er det dags for å minna om Arne Garborg: “ Eg vil vera ein jærbu, ein norsk ein, ein europear og ein verdsborgar – alt på same tid.”